www   
 

Opp

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Generelt om Vevsider

 Internett tyder eigentleg eit nett som bind saman andre nett. Ordet kom alt rundt 1968, då ein skulle binde saman forskingsnett og militære nett i USA. Uninett i Noreg var ein av dei første utafor USA som var med på dette. Vi finn igjen ordet i forkortinga IP (Som tyder Internet Protocol). Vi kjenner IP-nummer (unike nummer for som identifiserer alle maskiner som er kobla til Internett), og TCP/IP, som er den vanlegaste protokollen vi nyttar på Internettet.

Dei siste åra har ordet "Internett" byrja bli synonymt med "Verdsveven" ( som er navnet vi her vil bruke på World Wide Web, eller WWW). Eigentleg er det ikkje heilt rett, av di vi også har andre tenester som nyttar Internett. Her kan vi nemne:

  • Elektronisk post (E-post)
  • Usenet News (eller berre News) som er diskusjonsgrupper på nettet
  • Samtalegrupper som IRC
  • Filoverføringstenester (FTP)
  • Lyd og videooverføring (UDP)
  • Terminalteneste (Telnet)

Det er egna til å forvirre oss at mange av desse tenestene er tilgjengelege via nettlosane (web-browserane) som Netscape og Internet Explorer. Den eigentlege verdsveven, er dei stadene vi brukar adresser som byrjar med "HTTP:". Sjå meir om dette i neste delen.


Meir om Verdsveven (WWW)

Verdsveven (World Wide Web, eller WWW) vart oppfunnen i Cern som ein ny teneste på Internettet rundt 1989. Den var først berre tekstbasert, men vart utvida, og i 1993 hadde den blitt meir slik vi er vant med den. Den vart raskt populær, og står i dag for største delen av trafikken på nettet.

Standarden for Verdsveven har tre hovudpillarar: Protokollen som vert brukt på nettet: HTTP, språket som vert brukt for å skrive web-sider: HTML og måten å beskrive adresser på verdsveven (URL).

HTTP (Hyper Text Transport Protocol) treng vi i grunnen ikkje tenkje så mykje på. Nettlosane (som Netscape og Internet Explorer) forstår protokollen, og resten treng vi ikkje bry oss så mykje om. Lat oss berre sei at på Internettet, vert HTTP "pakka inn" i TCP/IP, som er protokollen som sørgjer for at det vi sender kjem trygt fram dit det skal.

HTML (Hyper Text Markup Language) er ein standard for korleis ein skal skrive informasjon som skal presenterast på Verdsveven. Standarden vert i praksis påverka av fleire, men vert forvalta av W3 Consortium.

Det fins mange gode lærebøker for HTML, også på nettet. Vi skal difor ikkje prøve å gjere det om igjen her. Sjå heller:

Elles kan vi nemne at det er ein ny protokoll på veg inn for å skrive vev-sider. Den heiter XML(EXtensible Markup Language), og kan sjåast på som ei utviding av HTML som er meir fleksibel.

URL (Universal Resource Locator) er definert i HTTP, og er det offisielle navnet på ei Vev-adresse (som for eksempel "http://www.uib.no/" for UiB si sentrale side).

Startside ] Opp ] [Søk]

Copyright © 2002 Øyvind Haugland
Sist endret:  13 januar 2019
 

  Interested in this stuff? Please write to:
 

HTML Counter            stats counter